Publisert av:
11/3/2016 17:19
Ship O’hoi – Kjekke ungdomar på jakt etter jobb
Reisemålet er denne gong Nederland/Holland, der dei skal mønstra på ei seglskute og vera mannskap i fem dagar. Mange gode sjøfolk har kome frå Tysnes, og denne gjengen ser svært fram til å prøva seg på «bøljan blå».
For å finansiera turen vil dei, saman med føresette ta på seg diverse dugnadsjobbar for både privatpersonar og verksemder.
Har du /de ein jobb som skal utførast og treng nokre få – eller mange – ekstra hender?
Ta kontakt med fylgjande i foreldregruppa:
Kari Lande – mob 413 34 130
Lena Epland Sløgedal – mob 924 23 380
Ingrid Storetvedt – mob 988 61 933
Har de lyst å lesa meir om båten og turen, trykk her.