Foto: Morris Skulstad

Serievinnar

Publisert av: May Britt Meland
2/10/2024 08:16

På laurdag, 28/9, tok me i mot Møhlenpris til det som kunne sikra 1. plass i serien og opprykk til 6. divisjon.

Ei flott ramme rundt kampen vart lagt med fotballunsj på forhånd og «gjett resultatet-konkurranse» for alle frammøtte tilskodarar.

Over 35stk stilte på ein veldig kjekk og god lunsj som vart stelt i stand av ivrige damer i Njardar-styret og deira gode hjelparar og med bistand frå a-laget og sponsing frå Mandelhuset og Extra Tysnes blei dette eit fint arrangement. Me håpar å gjenta denne suksessen ved seinare anledningar!

I kampen tok heimelaget tidlig ledelsen når haustens store spelar Didrik Milde Thorbjørnsen banka ballen i nettet allerede etter 2min.

Njardar styrte det aller meste av spelet men virka litt prega av anledningens alvor og traff på lite på siste halvdel av banen. Likevel skapte gjestane svært lite og trua Njardarmålet berre ved nokre få anledningar i den første omgangen. Dei klarte likevel å få uttelling på ein sjeldan visitt etter 11. min.

Heldigvis har tidligare nevnte Didrik virkelig funne storformen denne hausten og med to nye nettkjenningar før pause fullførte han sitt 3. hattrick på sine tre siste kampar.

Rett før timen spelt scorar Didrik sitt 4. for dagen og kampen virkar punktert. Konsentrasjonen sviktar dessverre minuttet etterpå og Møhlenpris reduserar til 2-4.

Drøye 10min etterpå får heimelaget ein spelar utvist, men ror seieren greit i land dei siste 20 minuttane.

Når dommaren bles sluttsignalet er festen i gang på Reiso. Publikum får vera med å feira ein letta og glad a-lags gjeng som kroner ein flott sesong med seier i serien og opprykk til 6. divisjon. Ei stor, flott spelargruppe har trent godt, hatt det veldig kjekt sosialt i lag heilt sidan januar og er stolte over å ha vunne i lag!

No ventar ny heimekamp mot Søfteland på onsdag, 2/10, kl 19:30 før seriespelet blir runda av borte mot Fitjar2 om et par veker.

Me håpar mange vil komma å sjå oss mot Søfteland i årets siste heimakamp.

No vil me runde av sesongen med stil!

Det blir ekstra godt utvalg i kiosken denne kvelden då 8b-klassen ved Tysnes ungdomsskule vil selga diverse godsaker til inntekt for First lego league prosjektet deiras.
Håpar mange stiller på kamp, og også handler litt hos desse i kiosken.

 

Tekst : Thomas Hagen