September Open Tysnes (I) P&P, uttak OoM 18 hol
30/8/2016 11:11
Tysnes Golfklubb har bane i Tysnes kommune, Hordaland. Dalen Golfbane er ein 6-holsbane som også er tilpassa Pitch & Putt spel. Pitch & Putt vert spelt med tre ulike utslag pr. green. For meir informasjon om banen sjå tysnesgolf.no
Program
Det vert spelt over 18 hol – Slagspel m/brutto- og nettoresultat. Turneringa inngår i Tysnescupen og Order of Merit (OoM). Start shotgun kl. 10.00.
Spel/reglar: Ikkje krav til klubbtilhøyring. Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA (Federation of International Pitch & Putt Associations).
– Runden vert spelt med 2 køller og puttar.
– Utslag skal skje frå peg, som skal vera minimum 5 mm høg på kunstgrasmatter.
Elles skil reglane seg ikkje stort frå vanlege golfreglar.
Lokale reglar elles står på scorekortet.
Startkontingent: Kr 200,- (inkl. avgift OoM). Betaling i golfshopen ved oppmøte/registrering. Møt opp i god tid. Startkontingenten inkluderer dagsgreenfee på korthols/P&P-banen.
Påmelding innan 2. september på mail til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977 eller 97155256. Dersom ledig plass kan også påmelding skje før start, seinast kl. 09.30.
Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal.
