Illustrasjonsfoto, blåskjell.

Mistanke om parasitt på blåskjell

Publisert av: May Britt Meland
7/12/2019 16:26

Mattilsynet sende 6. desember ut varsel om mistanke om sjukdom i ville blåskjell i Tysnes kommune. Det er parasitten Marteilia sp. ein mistenkjer har ramma blåskjell. Mattilsynet vart varsla av Havforskningsinstituttet om mistanken etter ei prøvetaking av ville blåskjell som synte høg forekomst av parasitten.

Marteiliose er ein sjukdom på blåskjell og østers forårsaka av Marteilia refringens. Sjukdommen er ein listeført sjkdom, det vil sei ein sjukdom som vanlegvis ikkje er i Norge og som ein bekjempar.

Sjukdommen er ufarlig for mennesker.

Alle som ferdas i området og driv aktivitet knytta til skjelloppdrett eller høsting av skjell må vise nødvendig hensyn slik at spredning av eventuell sykdom unngås.

Det vil si at ein t.d. ikkje må flytte eller kaste blåskjell og østers frå dette området andre steder, melder Mattilsynet.

 

Meir om saka kan du lese på Mattilsynet si side.