Samarbeidsrådet krev handling!

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/3/2018 23:37

Ordførarar i Sunnhordaland Smarbeidsråd er klar i talen!

I 2003 vart ferjekaien på Leirvik lagt ned og ferja mellom Stord og Kvinnherad skulle som ei førebels
løysing gå til Skjersholmane. For Sunnhordland som region har dette aldri vore ei god løysing.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland arbeider for at regionen skal knytast saman som ein felles bu og
arbeidsmarknad. Ein føresetnad for sterkare regional integrasjon er at reisetida ved kryssing av
fjordane vert mindre, men med den lange ferjeavstanden mellom dei to største kommunane i
regionen, Kvinnherad og Stord, er ikkje dette foreinleg.
Det er difor gledeleg at Hordaland fylkeskommune i saman med Stord og Kvinnherad kommunar
arbeider med å finna moglegheiter for å korta ned overfartstida.

I juni 2017 gjennomførte Samarbeidsrådet i samarbeid med Stord Næringsråd og Kvinnherad
Næringsservice ei undersøking blant 50 bedrifter/offentlege institusjonar i regionen for sjå på
behov og ynskje for å få på plass eit nytt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord.
Hovudkonklusjonane i undersøkinga er:
• Ferjesambandet Kvinnherad-Stord er svært viktig for bedriftene.
• Sambandet hadde vore endå viktigare for bedriftene om overfartstida hadde vore kortare
anten i form av raskare ferjer og/eller kortare avstand mellom ferjeleiene.
• Ferjesambandet Kvinnherad-Stord fungerer ikkje som samband for å skapa felles bu- og
arbeidsmarknad i Sunnhordlandsregionen. Det er eit stort potensiale for større samhandling
mellom bedrifter/det offentlege i Sunnhordland ved nedkorting av reisetida i sambandet.
• Bedriftene taper pengar på lang overfartstid. Dokumentert frå 300 000 – til 5 mill kroner pr.
år.
• Stord som regionsenter må ta ansvar for at ein finn ei god løysing.
• Kvinnherad må få ei god tilknyting til E39.

Det kom og fram at bedriftene i Kvinnherad ikkje gjer anbod i Stord og vise versa på grunn av dårleg
ferjesamband.

I det nye fylket, der Hordaland og Sogn og Fjordane skal slåast i saman vert Sunnhordland geografisk ein utkant. Det vil difor verta endå viktigare at regionen bygger seg endå tettare saman gjennom blant anna betre infrastruktur, slik at ein får tatt ut det store potensiale som ligg for samhandling mellom bedrifter og det offentlege.

For utvikling av Leirvik som regionsenter, og for å oppretthalde statlege institusjonar, sjukehus og
høgskule er eit nytt, kortare ferjesamband svært viktig.

Ordførarane i dei andre kommunane i regionen vil difor oppmoda om at kommunane Stord og
Kvinnherad leitar etter dei gode løysingane for eit nytt ferjesamband for regionen. Ei løysing som er
framtidsretta og knyt regionen tettare saman!

 

 

Morten Storebø
Ordførar i Austevoll kommune

Siri Klokkerstuen
Ordførar i Etne kommune

Jorunn Skåden
Ordførar i Sveio kommune

Odd Harald Hovland
Ordførar i Bømlo kommune

Wenche Tislevoll
Ordførar i Fitjar kommune

Kåre Martin Kleppe
Ordførar i Tysnes kommune