Samarbeidskorpset vart Brass-sukess

Publisert av: May Britt Meland
24/3/2019 22:33

Med overskrifta “Me vann!!!!” kunne eit jublande glad korps på Huglo i kveld fortelje at samarbeidet med Onarheim vart suksess.

Onarheim/Huglo Samarbeidskorps stakk av med fyrsteprisen i divisjon Generasjonskorps under Hordablæsten i Grieghallen. Huglo Skulekorps takkar Onarheim Musikklag for eit utruleg hyggeleg samarbeid. Dei rettar også ei stor takk til dirigent Nick Hughes. -Han har teke oss til nye høgder med både kompetanse og speleglede.

 

 

 

Solistpris til Marte Stien

Tysnes Skulekorps deltok i 2. divisjon.

Her var det mange dyktige korps, og tøff konkurranse. Korpset hadde ei flott framføring av “Memory”, og kom på 8. plass.

Marte Stien imponerte, og fekk solistprisen for sitt fantastiske trombonespel.

 

Tysnes Skulekorps på veg inn på sena. Foto: Privat

 

Tysnes Skulekorps framfører Memory. Foto: Privat