Ryddedugnad i bygdene på Tysnes
11/4/2020 11:53
Det starta med at Lundegrend Bygdeportal oppfordra bygdefolket, via facebook, til å vera med på vår-dugnad. Mange likar å gå tur, så kvifor ikkje rydde litt medan ein er ute og går langs vegen.
Tveit Bygdalag tok utfordringa vidare til si bygd, så også der har det blitt plukka boss langs vegen.
Mange har deltatt, både store og små, og masse boss har blitt plukka i nærområda.
Uggdal Bygdalag har også deltatt i ryddedugnaden, og Lena Vermedal er blant dei som har vore med. Dei rydda frå midt i Uggdalsdalen til Vermedal, og skriv på Facebook at det vart mykje boss. Dei fann blant anna ølbokser, spritflasker, snusbokser, vannflasker, chipsposer, yoghurtbegre, fast food emballasje og ein bærepose med brukte toalettartikler.
Onarheim Bygdalag har også tatt utfordringa. Er det andre bygder som tar utfordringa? Send gjerne inn bilder til Tysnesingen, så skal me vise dugnadsånda på Tysnes.