Fekk vera maskotar for toppserielag

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/5/2024 11:54

Lørdag 11. mai hadde Njardar sine Jenter10 ein opplevelsesrik dag.

Dei starta dagen med bortekamp mot Søre Neset. Denne vant Njardar 5 – 7. Og ikkje nok med det, på førehand hadde Søre Neset invitert jentene med til å vera maskotar for damelaget til Arna Bjørnar i kampen dei skulle ha mot Brann, i toppserien. Dette ville dei sjølvsagt bli med på.

Etter kampen på Søre Neset, åt jentene pizza i saman, før dei reiste vidare til Arna.

Før kampen fekk jentene vera tett på Arna Bjørnar spelarane medan dei varma opp, og etter kampen fekk dei møta spelarane.

Arna Bjørnar tapte kampen mot Brann, 0-10, men for jentene til Njardar og Søre Neset, betydde ikkje det så mykje. Dei hadde hatt ein utruleg kjekk dag i saman.