Romjulscup

Publisert av: May Britt Meland
10/12/2025 08:20

Tysneshallen bowling inviterer til lagkonkurranse i bowling måndag 29. desember kl. 1800.

Det skal vera to spelarar på kvart lag.
Spelarane kastar annankvar gong.
Laga speler to rundar på kvar bane, i alt seks rundar.

Dei to beste laga får premie, og i tillegg har me ein trøstepremie.

Påmeldingavgift: kr. 300 pr lag.
Påmeldingsfrist: 28. desember
Maks 9 lag.

Påmelding: Helge.hauge@haugnett.no eller sms 99640123

Hiv deg med og bli med. Lagkonkurransen er ei artig speleform og har vorte ein kjekk  tradisjon i Tysneshallen.