Rimi vert Coop

Publisert av:
15/9/2015 09:52

Tidlegare i år vart det klart at Coop kjøpte opp ICA. Noko som innebar at dei aller fleste Rimi butikkane vart Coop butikkar. Fleire hundre daglegvarebutikkar over heile landet skal byte ut skilt, vareutval og innreiing.
Dette gjeld også “Rimien” i Våge som no vert ein Coop Prix butikk.

Butikken skal byggast om i veke 41, og vert difor stengt måndag 5/10 tom onsdag 7/10.

Torsdag 8/10 kl 10.00 opnar Prix Tysnes døra for kundane.

Under ombygginga vil postavdelinga være open i tidsrommet 9.00 – 16.30, her vil alle tenester vere som normalt med både kort og kontant!

PostNord pakke utleveringen vert også open, men for desse tenestene vert det kun høve til kontant betaling sidan butikk kassane vert byta ut og ikkje er intakt under ombygginga.

─ Det er kjempespennande å endeleg skifte skilt og sortiment til Coop.
Saman med kundane våre har vi gleda oss til denne store dagen, og vi ser fram til å gje kundane våre eit godt utval av varer til gode priser, seier butikksjef Morten Christensen ved Prix Tysnes.
Han ynskjer alle velkomen og legg til: Alle dei kjekke Rimi tilsette held sjølvsagt fram ved Coop Prix Tysnes!