Rett til å nekte
Publisert av:
28/4/2012 18:16
28/4/2012 18:16
I saka der biskop Halvor Nordhaug har bestemt at ein ikkje får lov å ha begravelser frå bedehusa på Tysnes, er det stadig skriverier.
Til Vårt Land seier seniorrådgjevar i Kirkerådet, Per Tanggaard, at bestemmelsane for gravferd ikkje gjev biskopen rett til å fatte eit slikt vedtak. Men det betyr ikkje at biskopen ikkje har rett til å komma med instrukser ovanfor bispedømet sine prestar.
Generalsektretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet seier til Vårt Land at som ansvarlege leiarar i kyrkjer og organisasjoner må dei opptre på ein måte som ikkje støter pårørande etter dødsfall. Viss dei pårørande, eventuelt etter avdødes eige ønskje, ønskjer begravelse frå eit bedehus eller anna lokale, bør dei ikkje leggja hindringar i vegen for det.