Ingen sak for lita - inga sak for stor

Resultat Bowling 2. divisjon

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/4/2025 07:52
Denne veka vart dei to siste kampane i 2. divisjon spelt.

Byggmeister Bakkane oppnådde heile 1349 pinnefall, noko som ville ha gjeve siger i dei fleste kampar i 1. divisjon. Andersland Bygg 2 vann serien føre Mundheim.

Tysnesmeisterskapen vert arrangert 22. og 23. april med start kl. 1800 og 1930.
Alle speler tre rundar tysdag, og tre rundar onsdag.
Onsdag startar dei med høgast pinnefall tysdag, kl. 1930.

Konkurransen er open for alle interesserte.
Pris kr. 200.

Påmelding innan 20. april til 996 40 123 eller Helge.hauge@ haugnett.no