Reiste ballbinge

Publisert av:
19/8/2009 18:57

Fundamentet for ballbingen som ligg nedsenka like ved Lunde Senter har lagt klar ei stund.

I dag “spratt” ballbingen opp. Montør frå leverandøren var på plass saman med ein god dugnadsgjeng frå ‘londabygdo’. Dekket vart lagt og veggar og mål vart skrudd opp og sveist fast.

Det er Lunde Bygdalag og Lundegrend Idrettslag som står for initiativet og bygginga av prosjektet som vil gje eit enno meir samlingspunkt rundt Lunde Senter.