Konsert i Kulturkyrkja

Publisert av: May Britt Meland
7/10/2019 18:48

Marianne Juvik Sæbø og Vidar Eldholm kjem til Onarheim Kulturkyrkje fyrskommande sundag, 13. oktober kl 18.00.

Marianne Juvik Sæbø har utdanning frå Griegakademiet i Bergen, og i tillegg frå Royal Academy of Music i London. Repertoaret hennar spenner frå viser, folkemusikk, salmer og gospel til klassiske verk, musikalar og opera. I tillegg til utstrakt konsert- og turnévirksomhet driv ho musikalskulen Musikalhuset.

Vidar Eldholm er utdanna kantor, også han ved Griegakademiet i Bergen. Eldholm har gjennom karrieren sin dirigert ei rekkje kor og har vore pianist og kapellmester på hundrevis av konsertar og forestillingar. Han har også vore på turné med artistar som Kjersti Holmen, Hege Schøyen, Kvinner på randen, Trond-Viggo Torgersen, Ylvis & Bergen Filharmoniske orkester, Øyvind Blunck m.fleire.

Saman har Juvik Sæbø og Eldholm gjeve ut CD-en «Ei ørlita kvile» der programmet i kulturkyrkja er henta frå.

 

Tekst og foto frå Kulturkyrkja si facebook side