Rehabilitering

Publisert av:
21/1/2009 19:21

Det er for tida stor aktivitet ved Uggdal skule. Då tenkjer ein ikkje berre på lesing og skriving, men på arbeidsfolka som er byrja med jobben og skal fiksa opp Uggdal skule.

I front av heile skulebygget har det blitt grave opp, lagt drenering og vass- og kloakkrøyr. Til høgre på enden av bygget skal det koma eit påbygg.

I klasseromma finn ein ingen elevar. Ein del er flytta ned i sløydsalen, medan den andre delen er i klubbhuset til Njardar ved grasbanen over elva. For inne i klasseromma er ein i ferd med å riva ned for å klargjera å byggja opp att.