Referat G16

Publisert av:
4/5/2014 08:32

Njardar/Tysnes dominerte heile kampen, og Martin vart ikkje sett på store prøvar.

Det stod 5 – 0 før det hadde gått eit kvarter. Då valde Njardar/Tysnes å byta på laget slik at alle fekk spela. Det førte til at spelarar kom på plassar dei ikkje var vane med, men det er viktig dersom ein skal verta ein god spelar.

Spelarane på Njardar/Tysnes har teke eit langt steg i vinter og vår. Per Vermedal har leia treningane, og han har fått spelarane til å yta sitt beste også på trening. Det er kjekt å sjå korleis spelarane finn saman, viser at dei vil ha ballen og snakkar saman.

Desse laga måla. Kenneth 4, Jonas 4, Vegard 2, Håkon 1, Ørjan 1 og Elvis 1.

Desse var med: Martin bakke, Sondre Flygansvær, Ørjan Pettersen, Elvis kalvans, Håkon Knudsen, Erik Enes, Jonas P. Fosså, Karl Henrik Helgesen, Vegard Kleppe, Kenneth Dalland og Benjamin Tho.