Referat frå møte i fotoklubben
14/4/2015 15:47
Tema denne gongen var landskap, og mykje av tida blei brukt på å sjå gjennom eit utval av medlemmene sine eigne landskapsbilete. Her var det mange flotte motiv å sjå, både frå Tysnes og andre stader. Som vanleg vart det gjeve både ros og konstruktiv kritikk til bileta, og nye tips vart plukka opp. Det er vanskeleg å sjå sine eigne “feil”, og på møta våre kan ein verta inspirert til å prøva noko nytt neste gong ein fotograferer same type motiv.
Det vart og diskusjon rundt redigering av landskapsbilete. Er det greit å fjerna eit element i landskapet som eigentleg høyrer heime der, for at biletet skal verta finare å sjå på? Slike spørsmål er interessante å ta opp med andre som deler same interesse. Lurar du på noko fotorelatert? Ta turen på neste møte då vel :).
Med mindre anna er annonsert vert det halde møte den fyrste sundagen kvar månad, kl 18, 1.etasje i Grendatun.
På neste møte skal me få ei lita innføring i Timelapse og focus-stacking av John Tye. Dei fleste medlemma i klubben veit lite eller ingenting om dette frå før av, så dette vert spanande! Hugs at du ikkje treng nokon spesielle forkunnskapar for å koma på møtene våre, det einaste du treng er ei interesse for foto og/eller video! :)
Tekst og foto: Tysnes Foto- & Videoklubb