Referat frå møte.
18/11/2014 06:45
Dyrevelferd for husdyr, er eit tema mange er opptatt av. Vanskjøtsel av husdyr er ein tragedie for dyra og svært dårlig for landbruksnæringa. Derfor er dei aller fleste bøndene opptatt av at dyra skal vera friske og trivelige. Friske og trivelige dyr fører òg til auka trivsel for bonden og betre økonomi i drifta. Dessutan er, heldigvis, mange forbrukarar opptatt av korleis maten vert produsert, og at dyra har hatt eit godt liv.
Onsdagkveld arrangerte Tysnes Bondelag og Tysnes Bonde- og Småbrukarlag møte om dyrevelferd. Etter oppmøte å dømma, er svært mange av bøndene på Tysnes opptatt av dette temaet.
Synnøve Hodneland, som jobbar i Mattilsynet, held eit interessant og engasjerande foredrag. Synnøve tok for seg både det praktiske kring eit godt dyrehold og regelverket.
Viktige ting i det praktiske dyrehaldet, er at ein tar seg tid til å observera dyra, for å sjå om dyra har det bra. Hold, oppførsel og kor reine dyra er, gjev gode haldepunkt på korleis dyra har det.
Regelverket tar for seg bl.a krav til at dyr skal ut på beite om sommaren. Krav til utforming av fjøs, merking av dyr, tilsyn til dyr og rapportering om døde dyr.
Tysnes Bondelag og Tysnes Bonde- og Småbrukarlag vil få takka Synnøve for at ho delte sin kunnskap og sitt engasjement med oss denne kvelden.