Publisert av:
20/7/2009 20:11
Redusert ballongferd
Det vart for lite plass til ballongen ute i Våge under Tysnesfest. Dermed vart ballongen i full fart flytta inn på bakken til Tore Økland på Gjerstad.
Her måtte dei ha femti meter mellom bilane då dei skulle forankra ballongen.
– Diverre vart det for mykje vind til at opplegget vart vellukka. Difor vart “Fly me to the moon” opplegget ikkje noko av for publikum denne gongen, fortel Tore Økland til Tysnesingen. – Me laut pakka ned alt utpå kvelden før regnet kom.
Det var to damer frå Oslo som stod for ballongopplegget. Berre litt over 200 kg gass vart brukt.
Bilete: Sofia Orvarsson Darmo