Redda krigsfange
3/1/2016 08:02
På Os var det fangeleir med russiske krigsfanger under krigen. Den var lokalisert cirka ved Os sjukeheim.
Arne Gjerstad (1930-2009) ga regelmessig mat til ein russisk fange der, og redda livet til russaren.
– Pappa fortalte at det var ikkje alle Wehrmacht-soldatar som brydde seg like mykje om dette, nokre tyske soldater såg ein annan veg då han ga den utsvelta russiske fangen mat frå nista si.
Seinare vart denne russaren ein kjend ingeniør i Sovjetunionen og inviterte far min til Russland. Av grunnar eg ikkje heilt skjønner takka pappa nei til denne invitasjonen, fortel Nils Vermund Gjerstad.
Veit du meir om denne saka?
Viss nokon veit meir om den russiske krigsfangen eller fangeleiren på Os vil eg gjerne høyra om det og skrive om det, avsluttar Nils Vermund Gjerstad, som har epost nilsvermund@gmail.com
Tekst og foto: Nils Vermund Gjerstad