Rasmus 3 år
17/8/2012 06:34
Hipp, hurra for den herlege guten vår, som endeleg har bursdag og fyller heile 3 år!
I heile sommar har du venta på denne dagen,
og du e meir enn klar for sjokolade- og jordbærkaka i magen!
På ønskelista står det traktor, gravemaskin, bossbil og tømmerbil,
ja alt som har motor,er dine favorittar, det er ingen tvil!
Me ynskjer deg ein toppers bursdag og feiring,
mange gjester er invitert, så det blir nok full beleiring!
Me er veldig glad i deg!
Klemmar frå Jenny, mamma og pappa!
————–
Rasmus 3 år
Bestefar og bestemor sin dreng er blitt 3 år,
og då blir det kaker, og heilt sikkert pakke du får,
for deg skal me feira, den saken er klar.
Du er flink til å jobba, ein uthaldande arbeidskar.
Med eigen traktor som til og med kan starta
fartar du rundt, og du har mykje på hjarta!
Men innimellom har du og tid til å vera
venn med kose-pusen, som slikkar kinnet ditt, og som du kan klappa og bera,
mens redde-pusen går på musejakt og berre vil ut.
– Og så er du bestemor sin go’aste gut!
Gratulerer med dagen Rasmus!
Bursdagsklem frå bestemor, bestefar, redde-pusen og kose-pusen.