Progressivt møte med Jethro Tull-gitaristen
10/11/2014 20:24
– Det var svært å få møte med Jethro Tull-gitarist Martin Barre i Haugesund, fortel frilansjournalist og progrock-elskar Nils Vermund Gjerstad, som fekk gleda av å få intervjue gitaristen i Jethro Tull.
Barre spelte på progrock-festivalen på Høvleriet i Haugesund, Haugaland Prog & Rock Festival, som vart arrangert for fyste gong i halloween-helga, men som etter alle solmerker å dømme og vert arrangert igjen i november neste år.
Jethro Tull vart skipa i 1967 av Ian Anderson, har seld over 70 mill. eks. Dei vert reikna som eitt av dei fremste og mest eksentriske britiske progrock-banda. Barre har spela på arenaer som Madison Square Garden i New York så det må ha vore løye for han å spela på ein intim arena som Høvleriet.
Barre fortalte mykje spanande, mellom anna at han elskar å løpe maraton og har løpt det i Bergen. For tida heldhan på med sjølvbiografien sin som fleire gledar seg til å lesa + mykje meir.
Ein fun fact er at Jethro Tull vann ein Grammy med plata “Crest of a Knave” (1987) i sjangeren “heavyrock/metal” (fortrinnsvis for Barre sin gitar-lyd) i 1988 foran nasa på Metallica og deira magnum epos “…And Justice for All” (1988).
Nils Vermund Gjerstad fekk og ein god prat med gjengen i Caravan. Eit anna progband frilansjournalisten likar godt, men som han vert overraska om så veldig mange på Tysnes har høyrt gjete. Om det freistar å sjekka ut, vil eg anbefale platene “In the land of grey and pink” (1971) og “For girls who grow plump in the night” (1973). Bassisten i bandet kunne mellom anna fortelle anekdoter om si tid på turne med Jimi Hendrix på Hawaii. Artige saker!
– Det hadde vore løye om Jethro Tull vert gjenforeint ein dag, og spelar konsert på Tysnesfest, men det spørs vel…
Intervjuet til Nils Vermund Gjerstad kan du lesa i sin heilskap i januarutgåva av prog-bladet Blackmoon i byrjinga av 2015.
Her er eit par linkar:
Jethro Tull spelar A song for Jeffrey i 1968.
Og eit morosamt klipp med Metallica då dei vann grammy for Black Album eit par år etter at dei vart forbigått av Jethro Tull.
Tekst: Nils Vermund Gjerstad
Foto: Jens P Jensen