7460 turar i fjellet

Publisert av: May Britt Meland
2/9/2018 21:07

SommarTrim 2018 vart avslutta fredag 31. august.

Spreke tysnesingar
Det var tilsaman 199 personar som deltok. I år var det 33 ulike turmål, deriblandt også gruppetimar på Tysnes Treningssenter og Svingen Puls. Og om ein reknar snitt vart det 2235 poeng per person.

 

Lågare deltaking
Tala for antall personar og snittpoeng har gått ned om ein samanliknar med 2017 og 2016. I 2017 fekk dei 216 som deltok 8505 poeng i snitt medan i 2016 var det 249 personar og 9407 poeng i snitt.

Gode tilbakemeldingar
Ingrid Haaland ved Tysnes Breiband seier at ein kan ikkje vente at folk brukar heile sommaren i fjellet, så vi finn det naturlig at det ikkje er fullt så stort engasjement som første året.
-Men mange er veldig ivrige, og Tysnes Breiband får gode tilbakemeldingar på opplegget, særlig at det er kjekt å sjekka ut område ein ikkje er kjent frå før.

Haland fortel vidare at det i år var 31 ulike turmål, dei fleste på fjelltoppar rundt i kommunen. Det er ganske tidkrevjande å komma seg rundt til alle desse, men åtte av deltakarane har prioritert dette!

Tysnes Breiband samarbeidar godt med Tysnes Treningssenter og SvingenPuls om sommartrimmen, og gruppetimar på sentera gjev også poeng.
.
1364 innsjekk
Blåbærhugen tronar toppen på meste besøkt med 1364 innsjekk. Deretter kjem Vasstøl med 929 innsjekk og Ulstjørna i Myklestadskogen med 571.
Toppane som gav flest poeng, Tysnessåto og Hovlandsnuten hadde 304 og 216 innsjekk.

 

Tekning mellom alle som har registrert minst 10 innsjekk pr mnd:

Mai 2018: Gåvekort kr 1000,- på Mandelhuset VINNAR: Ambjørn

Juni 2018: Gåvekort på Haaheim Gaard VINNAR: Anne Cecilie

Juli 2018:  Gåvekort på Laukhamar Fritid VINNAR: Sigfrid

 

Årets poengtoppp ser slik ut: