Publisert av:
19/9/2013 10:44
Problematisk teknologi
Stadig ny teknologi og sosiale arenaer gjer det svært krevjande for foreldre, skule og dei unge sjølv, å ha oversikt og kunne hindre mobbing via slike kanalar.
Ein lesar av Tysnesingen.no gjer oss merksam på ein mobilapp som vert stadig meir brukt blant norske ungdommar.
Via denne appen kan ein sende spørsmål anonymt til ein person. Denne appen er lett å misbruke til trakassering av andre.
Sjå lenkje til medieomtale av dette problemet: Nettvett, advarsel mot mobilapp.
Oppfordringa går då til foreldre om å vere årvaken, også når det gjeld kva borna deira gjer i den digitale verda.