Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Pressemelding: Tysnes Sparebank Resultat 3. kvartal 2024

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/11/2024 10:11

Godt driftsresultat, men tapsavsetningar dreg ned resultat før skatt

Banken har eit resultat før tap og skatt på heile 53,7 mill.kr., noko som er 7,6 mill.kr. betre enn same tid i fjor. I samband med den pågående fusjonsprosessen har alle bankens største bedriftsengasjement vorte vurdert og det er krav om at usikkerhet skal hensyntas i den vidare prosessen. Etter tapsavsetningar vert bankens resultat negativt med 24,8 mill.kr.

Tapsavsetningane som er gjort i 3. kvartal er relatert til fleire kundar/kundegrupper. Det er gjort vurderingar av enkeltengasjement der lån, drift og realisasjonsverdiar i eit konkursscenario er kvantifisert. Etter at banken la fram halvårsresultatet 2024 har det vore ei negativ utvikling i nokre av dei misleghaldne bedriftsengasjementene.

«Det er ei stor avsetning banken gjer i 3. kvartal, samstundes er det positivt å ta med at driftsresultatet er svært godt» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Banken ligger over myndighetskravene for soliditet, tross en stor tapsavsetning. Konsolidert ren kjernekapitaldekning ligger 17,4 % vs. et krav på 16,0%.

 God kostnadsutvikling

Banken har ved utgangen av 3. kvartal ein kostnadsprosent på 40,5 %. Det er ei betring fra om lag 50 % ved inngongen til 2024.

Innskot er stabile og banken har god likviditet

Banken har over fleire år bygd opp innskuddsvolumet frå privat- og bedriftskundar. Ved utgangen av 3. kvartal er innskotsdekninga på heile 86,9 %. Likviditeten i banken er god, og det er inngått avtale med Eika Kapitalforvaltning om å styra overskotslikviditeten i banken med låg risikotoleranse.

Fusjonsprosessen held fram

Fusjonsprosessen pågår fortsatt, men det vil ta noe meir tid enn opprinnelig forutsatt å framforhandle eit bytteforhold som ivaretar interessene for eierne i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank på en tilfredsstillande måte.

Reforhandlingen av bytteforholdet og andre deler av fusjonsavtalen følger dei avtalte prinsippene i fusjonsavtalen. Partene forventar at gjennomføring av sammenslåingen skjer i løpet av andre eller tredje kvartal 2025.

Kvartalsrapport 3 Kvartal 2024 Tysnes Sparebank