Pressemelding
15/2/2013 09:09
Den ”faste gjengen” av idrettsmerketakarar i Tysnes idrettslag stilte også opp i 2012. Nokre av dei har møtt fram kvart år etter at idrettslaget, som fylte 50 år i fjor, byrja med organiserte idrettsmerkeprøvar hausten 1985. Nokre få nye dukkar opp år om annan. Det er kjekt.
Av ein eller annan grunn er det få kvinner som viser interesse for idrettsmerkeprøvane. Det er litt rart, for det er fleire trimaktivitetar for kvinner i bygdene på Tysnes. Difor burde mange kvinner vera i god nok form til å greia krava til idrettsmerket. Kanskje dei stiller opp i år?
Den eldste i gruppa er 79-åringen Tor Ottersen. Den pensjonerte tannlegen og mangeårige lokalpolitikaren er framleis ein lettbeint og veltrena kar. Med litt frykt for strekkskade ”jogga” han gjennom 60-meteren på vel 12 sekund. Kravet er 14 sekund for hans aldersgruppe.
Lista over dei som greidde krava i 2012 og talet på gonger ( i parentes) dei har teke idrettsmerket:
Auran, Kjell (26)
Dalland, Anne Merete (27)
Dalland, Hans Ole (27)
Enes, Lars (2)
Epland, Lars Petter (21)
Gaugstad, Arvid (28)
Kalgraf, Eva (26)
Ottersen, Tor (28)
Rekve, Asle Bernt (46)
Økland, Arvid (26)
Aanesen, Stein (43)
Aarskog, Sigmund (6)