Publisert av:
11/11/2009 14:36
Presenterer sluttrapport
I pausen mellom øktene på Tysnesmessa, om lag klokka 1445, vil Tor Dølvik i Agenda presentera sluttrapporten for den strategiske næringsanalysen som kommunen har gjennomført.
Etter presentasjonen vil ein drøfta korleis ein skal få til eit utviklingsselskap i Tysnes. Det informerer Helge Hauge til Tysnesingen.
– Denne sekvensen er sjølvsagt open for alle interesserte. Presentasjonen vil bli halden i vestibylen i Tysneshallen, seier Hauge.