Publisert av:
30/12/2011 16:06
Populært med fyrverkeri
I dag starta salet av fyrverkeri på Tysnes.
Spar Tysnes har fyrverkeriutsal frå dei gamle lokala til Fossdal Gunsmithing ute ved ferjekaien i Våge.
– Det har vore svært godt sal i heile dag, fortel Mats Gjersvik til Tysnesingen. Sjølv om dei har ope også i morgon, ber han folk skunda seg med å kjøpa.
– Me sel fram til klokka 15 nyttårsafta, men anbefalar folk å komma før for her kan me fort bli utseld, seier Gjersvik.
I dag fredag har dei ope til klokka 20.