Populær marknad

Publisert av: May Britt Meland
10/10/2026 19:43

Like etter att haustmarknaden i Tveit grendahus vart opna, var salen fylt med folk som var skuelystne og på jakt etter gode skatter, som igjen tyder på att marknad er eit kjekt tiltak som folk likar og gå på.

Med 9 seljarar var det varierte tilbud av ting og tang èin kunne sikra seg og det blei solgt blant anna klær, interiør, leiker, bøker,lefser,handarbeid og èin flott gyngestol.

Kafeen var populær og rundt kafébordet kunne ein kosa seg med sjokolade kaker,
Lapper, muffins,
hotdog og kaffi, saft eller brus.

Alfred, her med bestemor Kirsti Sundal synest muffins var mest fristande.

 

Familien Solberg/Bakke fant seg mange gode kupp som blei med heim.
Her er frå venstre: Mia, Andrea, pappa Christer og mamma Monica.


Eit kjekt og sosialt tiltak var det fleire som kom med tilbakemelding på, så det er berre for andre og rydda loft og kjellar, for fleire marknader vert det nok også i tida framover.

Komiteen som har hatt ansvaret var særs godt nøgd med arrangementet .
Ein er jo alltid litt spent på oppslutninga men det var det ikkje noko og sei på,truleg var det innom nærare hundre personar, både fastbuande men også mykje hyttefolk og tilreisande.

 

Tekst og foto: Anne Langeland