Populær HAFO-Cup

Publisert av:
3/11/2012 21:10

I HAFO-Cup spelar laga ein omgong fotball og ein omgong handball. Det var Tysnes Idrettslag som arrangerte cupen i Tysneshallen, og det var mange lag alt frå 1.klasse til 10.klasse med blanding av gutar og jenter på dei ulike laga.

Dei yngste spelte kampane fredag kveld, medan det i dag har vore kampar sidan formiddagstimane og utover dagen for 5.klasse og oppover.

Det heile vart avslutta med discotek og sosialt samkome i hallen laurdag kveld.