Politireforma
5/4/2015 06:40
Tysnesingen.no har spurt lesarane om kva innverknad dei trur politireforma vil ha for Tysnes.
Avstemminga har engasjert stort, heile 1070 stemmer kom inn.
Eit overveldande fleirtal 62% , 663 stemmer, meiner at reforma vil gje meir kvalitet i alle ledd.
17%, 182 stemmer, har stor tru på at reforma vert til det betre for innbyggjarane.
At ein ikkje vil få hjelp når ein treng fekk 96 stemmer, 9%.
8 %, 86 stemmer, meiner ordninga er best slik den er i dag.
Av dei som var usikre var det berre 1%, 11 stemmer.
-Og 3%, 32 stemmer, var tydeligvis lei reformar og valde alternativet «Nok ein reform».
I dag er det påbod om å ha redningsvestar om bord i båtar.
Stortinget har no gått inn for at det skal innførast påbod om bruk av flytevest for alle som oppheld seg i opne båtar i fart. Påbodet skal gjelde båtar under 8 meter.
I “Di meining” denne gongen lurer Tysnesingen.no på:
Kva meiner du om dette påbodet?