Poengdeling
16/6/2012 19:14
A-laget tok i mot Skansemyren på kunstgraset i dag. Gjestane ligg eitt poeng bak Njardar på tabellen, og Njardar held dei framleis bak seg etter uavgjort i ein målrik kamp.
Skansemyren opna best. Dei scora to gonger etter dødball. Innimellom hadde Ørjan Malkenes scora for dei gulkledde med eit lurt skot, før Remi Ellingsen head nydeleg inn til 2-2 som stod seg til pause.
Njardar produserte fleire gode angrep i 2.omgong, men den siste finishen uteblei og dei klarte ikkje utnytta moglegheitane. Tommy Gundersen klarte det imidlertid ein gong då han jobba godt og skaut knallhardt til side for keeper og 3-2 til heimelaget.
Men ti minutt før slutt svikta det i forsvar hos Njardar og gjestane utlikna, og det ebba ut med 3-3.
Desse var med:
Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Raymond Epland, Endre Vermedal, Andreas Langeland, Ørjan Malkenes, Roy Inge Korsnes, Terje Vevatne, Remi Ellingsen, Tommy Gundersen, Alexander Instøy, Gunnar Hansen, Torbjørn Onarheim, Kjetil Høviskeland.
På gjestane sitt lag spelte forøvrig tidlegare Njardar-spelar Jon Arve Bjordal.