Publisert av: May Britt Meland
14/3/2023 13:05
Planleggingsdagstur
Mandag 13. mars inviterte Barnas Turlag Tysnes til planleggingsdagstur. Laget støttar årets store “Kraftakt mot kreft”-aksjon, og sette opp ein eigen tur til Blåbærhaugen.
Turlaget fortel at det var 4 born, 2 turleiarar og to hundar som trossa det ufyselige været og gjekk tur til Blåbærhaugen. Dei fekk skreve seg inn i boka, og fortel at dei er glade for å dermed kunne gje eit lite bidrag til kreftforskninga! -Godt å kunne søke ly i den nye gapahuken og fyr i bålpanne var det også!
Blåbærhaugen meldte nyleg på facebook at det er komen opp ein gapahuk. Her finn ein ly for vêr og vind, og tak over hovudet for meir enn ein person om gongen.
Sjå kor flott den er!
Frå Blåbærhaugen si facebook-side