Planar om lokalt Turlag på Tysnes
3/11/2019 06:58
Nokre ivrige turgåarar på Tysnes, deriblant Rebekka Høgestøl, har tatt initiativ til å danna eit lokalt turlag, under Den Norske Turistforening, her på Tysnes. Ho såg i sommar at fleire turistar, som besøkte Årbakka Handelsstad, gjekk derifra og til Hovlandsnuten, utan heilt å vite kor dei skulle gå blant anna.
Rebekka tok kontakt med Bergen og Hordaland Turlag, for å høyra korleis ein skulle gå fram for å få merka turstiar i fjellet. Organisasjonsleiar i Bergen og Hordaland Turlag, Trude Iversen, heiv seg rundt og bistod på eit informasjonsmøte, og kunne fortelja at det var fleire på Tysnes som hadde vore i kontakt med ho tidligare om å danna eit lokallag, så derfor blir neste møte eit oppstartsmøte der det blir danna eit styre for å komma skikkelig i gong.
Dersom det er nokon som ynskjer å delta som frivillig, som styremedlem, med merking av og vedlikehald av stier, som turleiar eller anna, kan ein registrere seg her:
Det er også laga ei Facebook gruppe kor det vil verta lagt ut meir informasjon, den finn du her:
https://www.facebook.com/groups/1353052344860966/
Rebekka seier at ho allereie er blitt kontakta av personar frå både Stord og Fitjar Turlag, som ynskjer å kome med tips og idear til oppstart av eit turlag på Tysnes.
Informasjonsmøte vert i Tveit Grendahus 4. november klokka 18.00, og alle som er interessert er velkommen til å delta.