Piratpappa og nøkkelen til Shambala
7/4/2016 05:25
Her vil du få oppleva ei magisk natt som vil gje deg gåsehud, gode frysningar og minner for livet!
Med førestellinga «Piratpappa og nøkkelen til Shambala» vil Kjevikjo bli omgjort til ein heidundrande sjørøvarlandsby! Med ingrediensar som mystikk, sjørøveri, flammer og røyk lovar me dykk ein førestelling heilt utover det vanlege.
«Piratpappa og nøkkelen til Shambala» er som skriven for Kjevikjo i Tysnes. Me har skapa ein arena kor Piratskuta Scala og Piratpappa nok kunne ha søkt hamn for nokre hundre år sidan. Og for å verkeleg å bruka naturen som ein del av scenografien, speler me førestellinga etter at sola har gått ned…
Piratpappa og nøkkelen til Shambala er en familieførestilling akkurat så skummel at det vil vera ein fordel med eit pappa- eller mammafang i nærleiken..
Tenk deg ei tid, – like etter at havet vart oppfunne… På ei aude strand, ligg ein pirat. Forlaten og forslått og med hovudet i sanden. Og ved si side, – ei kiste med kartet til Shambala, forsegla med to låsar!
Ei ung og vakker kvinne kjem til stranda for å lega såra hans, og sakte vaknar piraten til live att. Etter ei tid med ro og mak, og mykje kjærleik vert han heilt frisk att.
Dei to blir eit par og får ei dotter, – Celine, så vakker at hennar make ikkje finst! Men akk, skjebnen er lunefull og livet er skjørt og altfor tidlig dør den unge mora frå Piratpappa og vesle, vakre Celine. Djupt ulukkeleg tek Piratpappa med seg jentungen og legg ut på en livslang seilas i Piratskuta Scala.
Han vil jakta på lukka og på Shambala, – for seg og si elskede dotter. Men kista har to låsar, og Piratpappa & Celine har berre ein nøkkel… Kven har den andre nøkkelen? I årevis har dei leita, kjempa og slåst for å finna nøkkelen. Kan det vera den elendige engelske Kaptein Wilson som har nøkkelen? Tallause gongar har dei møttes til kamp, – Wilson for å stela kista og Piratpappa for å få tak i nøkkelen. Piratpappa & Celine har nett møtt han i opent hav og slåst ein voldsom kamp gjennom ein storm som kosta dei begge mannskap og materiell.
Ryktet seier no at dei kjem til Kjevikjo for å rusta opp Piratskuta Scala og ikkje minst , – dei treng mannskap! Kven vil bli med Piratpappa & Celine på tokt med Piratskuta Scala for å søkja lukka og for å finna Shambala?
Vatn til knes og bølgjer i håret kan hjelpa, men det gjer deg ikkje til pirat. Vil de bli ekte piratar, bør de møta Piratpappa i Kjevikjo 4. – 5. – 6. juli!
«Piratpappa og nøkkelen til Shambala» er ein Piratmusikkteaterførestelling etter ein idé av OG Strømme. Manus/regi/Instruksjon er Stavangerskodespelaren Anne-Marie Adriansen. Geir Langslet (LAVA) er ansvarlig for- og har skrive musikken til stykket. Saman med flotte skodespelarar og eminente musikarar, skal me setja små og store piratar i piratstemning.
Billettar kjem for sal på billettservice.no