Pernilla skal i aksjon i Oslo
20/4/2018 15:47
Stord Friidrett melder om at Pernilla Epland (Stord IL) skal delta på det årlege Sentrumsløp i Oslo Sentrum lørdag 21. April.
Rundt 11 000 løpere er venta til start på hoveddistansen. Løpet er dermed Norges største 10 km-løp.
Løypa er relativt lett med noko stigning dei første 4 kilometrane og samme helling dei siste 6 kilometrane. Løpere som har gode mot- og utforbakkeeigenskaper pleier å springe vel så raskt i denne løypa som på flat mark.
I og med at løpet har så stor prestisje, løypa er lett og starter rundt ein månad før banesesongen, så pleier fleire av Norges beste løpere på 10km å samlas i Oslo denne helga. I år er intet unntak.
Pernilla Eugenie Epland sprang Sentrumsløpet i fjor på 35.06 og det holdt til ein imponerande 4. Plass.
I 2018 sesongen har ho opna med å smadre persen sin innandørs på 3000m og halvmaraton utandørs. Ho fekk og ein solid 4. Plass på NM terrengløp kort løype. På lørdag trur Stord Friidrett at Pernilla kan springe heilt ned mot og kanskje under 34 minutter, med full klaff. I så tilfelle vil det mest sannsynlig halde til ein pallplassering. Men ho vil få hard kamp av fleire av Norges raskaste kvinner. Pernilla er seeda som nr. 8 i kvinnefeltet.
Tysnesingen.no ønsker ho lykke til med løpet!