Publisert av: Martha Nygård Lande
2/8/2019 21:11

Pernilla Eugenie Epland har all grunn til å smila bredt! Foto: Nils Hetleflåt (Bilete er frå eit tidlegare stevne)
Pernilla på pallen!
I dag sprang Pernilla Eugenie Epland 5000 m i NM på Hamar. Det gjorde ho på på ein strålande måte, og kom på 3. plass, og forsvarte dermed bronseplassen frå i fjor.
Du kan lesa resultatlista her.
På søndag er det 10 000 m som ventar, der blant andre langrennsløparen Therese Johaug skal delta.
Tysnesingen gratulerer med løpet i dag, og ynskjer lykke til på søndag.