Nytt vikingtema på Årbakka
4/7/2025 07:52
Denne helga vil ein kunne få med seg eit foredrag om smeden i vikingtid og i norrøn mytologi på Årbakka Handelstad. Laurdag 5. juli kl. 12 vert det foredrag med Knut Rage. Kunstsmeden Jørgen Sarto Jørgensen som har utstilling av norrøninspirerte smedarbeid på handelsstaden vil også være tilstades.
-Smeden var ein uunnverleg skikkelse i vikingtida, ansvarleg for å produsera alt frå verktøy og våpen til smykke og jordbruksreiskapar. Ferdigheitene deira var avgjerande for samfunnet si utvikling og overleving. I norrøn mytologi finn vi òg smeden representert i mektige skikkelsar som Volund Smed, og guden Tor som ber den smidde hamaren Mjølner, noko som understrekar smeden sitt guddommelege og magiske samband.
Foredraget varer ca. 45 min.
Gratis inngang