Påskeposten tok 10 år

Publisert av:
7/4/2016 19:43

Rebekka Høgestøl var på tur langs sjøkanten i påsken då ho fekk auge på ei gamal Solo-flaske.

Flaska som hadde reke i land i Ølferneset ved Kvalvågen på Årbakka, viste seg å vere ein flaskepost! Ved hjelp av Facebook vart avsendaren spora opp. 

Det viste seg at flaska var sendt frå Matre i Kvinnherad av Amalie Lyngnes Tungesvik. Ho hadde sendt ei lita helsing som flaskepost i påsken for 10 år sidan.