PåskeLAN i Grendatun

Publisert av:
14/3/2016 00:38

Dørene opnar i 20-tida tirsdag 22. mars, og lukkast igjen kl 18.00 torsdag 24. mars.

Arrangementet er rusfritt, og det er sjølvsagt nulltoleranse for alkohol.

-Det vert døgnåpen kiosk der du óg kan lagra sjølvbrakte matvarer. Skriv namn på posen din og lever den i kiosken. I år vert ikkje kjøkkenet sjølvbemanna. Steiking av pizza ol vert gjort av dei som sit i kiosken.

Pris for arrangementet er 100kr, og nedre aldersgrense er 8. klasse.

For at LANet skal kunne arrangerast, trengs det vakter. Me set stor pris på om foreldre eller andre vaksne kan stilla. Vaktene går skift på 6 timar, og det gis ei honnør til vaktane på 500kr, samt så masse kaffe dei orker.

Deltakarar står sjølv ansvarleg for internettkablar (helst den lengste du har) og lang nok skøyteledning (kan godt ta den lengste du har her og).

Det er begrensa med plass, så for å sikra deg ein plass bes det gis beskjed til Johannes Helland på tlf 41404878 (merk sms med navn), snarast mogleg.

Me ser fram til eit flott og sosialt arrangement!