Formiddagstreff

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/10/2023 07:05

I flott haustsol var vi samla til formiddagstreff på Tveit bedehus.

Det var ganske fullt rundt bordet. Maten og praten står alltid først på programmet. Sånn og denne gongen. Me sang litt. Hadde ein konkurranse der lag A og B fekk mulighet til å koma med forslag på sanger ut fra ulike bokstaver.

Dagfinn delte ord for dagen. Wenche sang litt og vi hadde meir fellessang.

Så var det trekking av gevinster. Kvar gong får alle ett gratislodd, og så er det fast 10 gevinster.

Me hadde ei kjekk formiddagsstund saman.

Tekst og bilete: Wenche Brandsæter