Påle i sjøen

Publisert av:
21/9/2010 18:30

I samband med utvidinga av ferjeleiet i Våge, har Vegvesenet leigd ein stor lektar i arbeid ved kaien. Dei har mellom anna satt ned eit stort røyr som står som ein påle opp av sjøen nokre meter utanfor kaikanten.

Denne pålen kan gje redusert frakttilkomst til Våge. Det meiner Ole Bjarne Strønen. – Dei store lastebåtane som kjem med lecastein og anna frakt til Våge kai, vil få problem med å leggja til kaien i Våge med dette røyret som er satt ned i sjøen. Lastebåtane må nok gå til andre kaiar, trur Strønen som eig Godøysund Expressen.

Han ber også folk vera varsame når det er mørkt og dei nærmar seg kaien, for det er så godt som uråd å sjå røyret i mørket og det er ikkje lagt noko blåsa på røyret.

Utvidinga av ferjekaien skal vera ferdig ved nyttår til den nye gassferja kjem på Våge – Halhjem.