Padletur på Tysnes
20/8/2009 19:16
Me legg opp til to alternativ, avhengig av kva veret tillet.
Alt1: Weekendtur
Me samalast i Våge ved Spar’en og tek sikte på ein rundtur i den nordlige delen av Tysnes. Her paldar me vest over mot bårdsund og langenuen. Er det lite vind, går me nuen opp og rundt Rekstern, men ved vind, snur me og tek indre leia attende. Kursen går då mot Godøysund kor me skal rundt Godøysund, ”verdens ende”, ”middelhavet”, ”solstråleøya” og forhåpentligvis inn i ”Østerspollen”. Etter denne rundturen vender me nasa attende mot Våge.
Dette blir lagt opp til ein weekendtur, og me satsar på og vere klar i Våge fredag ettermiddag om lag klokka 18.00. For dei som var med på turen i fjor i Fitjarøyane, hugsar ein at teltet var overflødig baggasje. Her derimot har ein kun telt og sovepose som sovealternativ, så ein lyt pakke for ein tur i naturens verden heile helga. Kvar og ein syter for mat og matutsyr til seg sjølv, men det blir lagt opp til grilling både fredag og laurdag.
Alt 2: Dagstur
Ved for dårlig går me innaskjers i Godøysund område. Då samlast me ute ved Badehuset på Godøysund (Ring Kenneth 90519237 for veiguide). Her er det lune farvatn og me padlar rundt dei kjende landemerka og holmane i Godøysund. Dette blir berre ein dagstur, og då nyttar me søndagen. Avgang badehuset, om lag 10.30-11.00 søndag føremiddag.
Her padlar me mellom øyane, og finne høvelig område for strandhogg, så ta me den maten du trivst best med på slike turar.
Det er ønskelig at dei som vil vera med gjev ein tilbakemelding anten til kenneth.fagerbakk@haugnett.no eller 90519237 innan 01.09.09.
Ta og kontakt for meir info!!!
Då nettsida til Sunnhordland Padleklubb er litt rustete for tida, nyttar me www.tysnesingen.no til siste info om turen.
FØLG DIFOR MED PÅ ”Tysnesingen” for siste nytt!!!