Publisert av:
2/4/2012 20:49
På Vossajazz
Tre unge gutar, blant dei Tore og Vidar Hodneland, opptrådde søndag på den lokale kaféen Tre Brør i høve VozzaJazz.
I følge rapportar frå Voss gleda Kitsch publikum med ein suveren kombinasjon av jazz, fusion og rock. Saman og åleine viste trioen at dei er svært dyktige musikarar, og dei baud på ei elegant og groovy oppleving for alle dei frammøtte.
Tonane trilla og flaut ut i lokalet, og blanda seg med godstemning og kaffilukt, melder vossajazz.no.
Kitsch består av Tore Hodneland på gitar, Arne Toivo Fjose Sandberg – bass, og Felix Tvedegaard Heim – trommer. Alle tre er tilknytta Griegakademiet.
På VossaJazz var Vidar Hodneland med som vikar på trommer.