På tide å oppdatere kart?

Publisert av:
2/12/2011 17:08

Øystein Dalland har gjort eit søk på Tysnes under dittdistrikt.no, som er den lokale telefonkatalogen for Sunnhordland. Her fekk han seg ei overrasking.

– Verda står stille på “Ditt distrikt”. Ser på kartet deira som kjem opp på Tysnes si side at Reksteren framleis har ferjesamband! opplyser han.

– Eg er no ikkje heilt sikker på kor dei får kartdata i frå, men på tide med ei oppdatering, kanskje? undrar han seg.