Publisert av:
10/11/2015 09:49
På skattejakt i den lokalhistoriske biletsamlinga
I basen finn du alle moglege slags gamle bilete frå Tysnes – frå 1860-åra til byrjinga av 1960-talet. Det er Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Lokalhistorisk arkiv og Tysnes sogelag som står bak det store prosjektet.
Målet er at du i første omgang skal få adgang til søk i over 2000 bilete, og du kan bruka dei søkeorda som du synest skildrar best kva du er på jakt etter – ein stad, ein person eller eit emne.
I augneblinken rommer basen nær 800 bilete – og meir kjem dagleg!
Du finn nettsida her
http://tysnesarkiv.blogspot.no
Direkte link fotobasen
http://asp.bibliotekservice.no/tysnes_foto/search.aspx