G13 har spelt sin fyrste kamp

Publisert av: May Britt Meland
29/7/2018 22:59

G13 er på plass, og klare for ei kjekk veke på Norway Cup som er verdas største fotballturnering for barn og unge.

Ronny Hagen fortel til Tysnesingen.no at gutane frå Tysnes var litt spente før møtet med Tromsø søndag (29/7) ettermiddag.

Etter at Tromsøværingane tok ei tidlig 1-0 leiing rista tysnesingane av seg nervøsiteten. Dei kom sterkt attende og snudde kampen til 1-2, og hadde nokre store sjansar til fleire mål.
Diverre fekk i staden Tromsø utlikning før full tid.

Gutane har sine to neste kampar mandag og tysdag. Desse gjev avansement i A eller B sluttspelet.