På plass i nye lokale

Publisert av:
3/8/2016 17:28

Kine M. Teigland som driv Kines Hudpleie kunne måndag opna dørane for
gamle og nye kundar i flotte, nye lokale hos Svingen Puls. 



Etter 3 års utdanning og 6 års praksis valde ho for 4 år sidan å starta
for seg sjølv på Tysnes med “Kines Hudpleie”. 
Fram til no har ho halde til i lokaler på kaien i Våge ved “Frisøren på
Tysnes”.

Dei nye lokala ho no har fått er større, noko som gjer at ho kan
utvide behandlingstilbodet. 

Siste året har ho vore i fødselspermisjon, og berre jobba 20%.
Etter at 
eg kom tilbake på fulltid har pågongen vore stor, fortel Kine M. Teigland. –Dette er svært gledelig og positivt for framtida til Kines Hudpleie!