Publisert av:
19/5/2010 06:30
Øymøte på Reksteren
Tanken bak er at Reksteren treng eit felles lag som famnar over alle som brukar Reksteren. Dermed vert fastbuande, hytteeigarar og andre feriegjester invitert til å vera med å stifta Reksteren Øylag.
– Reksteren treng eit lag som kan arbeida med å utvikla øya, og Øylaget vil ha som hovudoppgåve å ta vare på dei tilboda ein har i dag og vidareutvikla gamle og nye tilbod, opplyser Elisabeth Sandven til Tysnesingen.
Ein ynskjer med dette velkomen med tankar og idear til Øymøte søndag 23.mai kl. 1500 i Reksteren Ungdomshus.