Publisert av:
27/3/2016 07:06
Opning av gardsbutikk
-I dag var ein stor suksess, seier Nynke van Schaik til Tysnesingen.no. Det var nærmare 200 innom gardsbutikken, så det vart ein kjekk, og svært hektisk dag.
Gardsbutikken freista med mange ulike delikatessar haust chutney, innigo eplemost, gårds iskrem og sjølvsagt ulike typar ostar produsert på garden.
Vertskapet baud på kaffi, eplemost og smaksprøver av produkta dei lagar på garden, Ein fekk også høve til å helse på dei ulike dyra på garden, geiter, hester, katter, hunder og kyr.
Gardsbutikken på Myrdal Gard vil halde ope kvar laurdag framover i tidsrommet 10.00 til 18.00.
Jasper og Nynke ynskjer alle velkomne til ei unik smaksoppleving på ein unik stad!
Alle foto frå facebook, gjengitt med løyve frå Myrdal Gard.